Guideprosjektet Øvre Telemark 2012-2013 er nå avslutta
«Guidekorps Øvre Telemark» har hatt til hensikt å rekruttere guider innan kultur, forteljarkunst, natur og underholdning - og utvikle guida opplevingar med utgangspunkt i behov i marknaden. Vidare, bygge et system for organisering, kvalitetssikring og opplæring av disse guidane.
Guidekontakter
«Telemarkguiden» har hatt som oppgåve å rekruttere guidar, og legge forholda til rette for opplæring. Det var utfordrande å finne den gode guiden som ynskjer å profilere seg på nettsida, og som kan vera tilgjengeleg for oppdrag.
Opplæring og kurs
«Telemarkguiden» har gjennomført fleire kurs både med leigd hjelp og i eigen regi. Det er utvikla eit kursprogram med tanke på vertskapsfunksjon. Enkle tips i ta imot gjester, innføring i formidling og kunnskap om Telemark ligg i kursplanen for dette 1-dags kurset. Kurset passar for personar som skal ta i mot gjester, som møter turisten på sin arbeidsplass eller som skal ha guideoppdrag.
Den gode historia, manusbygging
Forteljinga er viktig, og eit godt manus kan både hjelpe den erfarne guiden og den personen som skal ha sitt fyrste oppdrag. «Telemarkguiden» har utvikla ein mal for manusbygging. Malen er enkel i bruk, den gje grunnlag for å ta med mykje fagstoff og vil gje guiden eit godt grunnlag i sin historieforteljing.
Ynskjer du å bruke denne malen, ta kontakt med oss for meir info på telefon 35069080 eller nse@vtm.no.
Guida turar til Falkenuten og Breidalseggi/Raulandsfjell
To flotte turar i vakker fjellnatur på Rauland med guide. I tillegg til naturopplevinga vil guiden fortelje om historiar frå områda ein går gjennom.
Klart for guidekurs 10. mai
Telemarkguiden arrangerar kurs på VTM-Eidsborg fredag 10. mai frå kl. 14.00. Kurset vil gje deltakarane ei innføring i Telemark sin historie og kultur, turistgeografi, formidlingsteknikk og korleis ein tar i mot gjester. Kurset er gratis.
Guidekurs
Å vera guide eller det å ta imot gjester, er ein spanande og utfordrande jobb. Ein må vera språkkyndig, ha sans for historie, kultur og natur, ha eit godt humør og entusiasme og kunne formidling.
Telemarkguiden vil styrke opplæringen for guider, og tilbyr i 2013 gratis opplæring til bedrifter og enkeltpersonar som ynskjer å heve sin kompetanse.
God tilbakemelding på marknadsundersøking
Telemarkguiden har gjennomført ein spørjeundersøking blant ulike reiselivsbedrifter i Telemark. God respons, 44 respondentar har svart på spørmål om dagen guidetilbod og framtidas utfordringar.
Guideopplæring i andre land
Telemarkguiden har i samarbeid med Høgskulen i Telemark og Telemarkforsking hatt eit prosjekt der ein har sett på guideopplæring i andre land. Mange interessante funn som ein no vil jobbe vidare med i guideprosjektet.
Treng du guide?
Prosjektet"Guidekorps Øvre Telemark" formidlar guidar innan kultur, natur, museumstenester, forteljarkunst, og underhaldning.

Guidekorps Øvre Telemark
Hovudmålet er å bygge opp og organisere eit guidekorps for Øvre Telemark med guidar innan kultur, natur, museumstenester, forteljarkunst, og underhaldning.
Logg inn