Ski og utstyr

Norsk Skieventyr har utvikla eit pedagogisk opplegg for 5.trinnet i skuleverket.

 I over femten år har Norsk Skieventyr og Morgedal IL hatt ein skidag for skulane i Telemark. I løpet av nokre dagar i mars besøker ca 800 ungar skileikområdet vårt og har skiaktivitetar blanda med skihistorie. Skileikområdet ligg i nærleiken til Øverbø, staden der Sondre Norheim vart født. Ein tur opp i stoga til den moderne skisportens far er ein naturleg del av dagen.

Invitasjonen til årets skidag kan du lese her.


Me ynskjer å utvide dette opplegget med eit tiltak som me har kalt ski og utstyr. Prosjektet har som mål at elevane skal lære meir om Telemark og Noreg sin skihistorie og dei skal lære meir om utviklinga innan skisport. Elevane skal lære ved hjelp av ulike teknikkar og pc vil vera eit veldig nyttig verktøy.

Prosjektet er tenkt for elevar i 5.trinnet, men kan sjølvsagt og brukast av andre.

Me har dela inn oppgåvene i forarbeid, ein praksisdag/utedag og etterarbeid.
Forarbeidet skal skje ved å sjå litt på film og løyse oppgåver og spørsmål enten åleine eller i gruppearbeid.
Praksisdagen eller utedagen er ein skileikdag i nærområdet eller gjerne med eit besøk til Morgedal.
Etterarbeidet er gruppeoppgåver der ein skal løyse ein quiz og samle opp og presentere det arbeidet som er gjort i forarbeidet og i utedagen. Dette er for å oppsummere det som er gjort og ein kan måle kva elevane har lært.

Andre hjelpemidlar som kan vera til nytte er:
Frikaren på ski, filmen om Sondre Norheim, ein NRK produksjon frå 1970. DVD skulepris kr 249,-
Et-skieventyr, ein DVD som viser utviklinga av norsk skisport 1850-1950 inkl OL-filmen frå 1952, kr 249,-
Roald Amundsen Sydpolferd, DVD og bok med bilde og film frå ekspedisjonen, kr 199,-

No er det testing av prosjektet og me ynskjer ein tilbakemelding på innhald og opplegg. Ved å klikke seg inn på dei ulike tema kan ein laste ned pdf filer som ein kan skrive ut og jobbe med. Me vil utvikle systemet vidare slik at elevane kan jobbe direkte med oppgåvene på nettet.

Ris eller ros samt kommentarar sendast til Tarjei, tg@vtm.no

Forarbeid                                                   Utedag                                            Etterarbeid

1 Skihistorie                                             13 Skileik, praktisk info               14 Quiz

2 Heimelekse                                                                                                   15 Gruppeoppgåver

3 Internasjonale ord

4 Ord og utrykk

5 Norske ski og skiheltar

6 Skimodellar

7 Ulike skimodellar

8 Polarekspedisjonar

9 Polarekspedisjonar

10 Telemarks polarheltar

11 Frå treski til carbon

12 Farge og design



Utskriftsversjon Utskriftsversjon

Aktuelt

Gjestebøkane på Øverbø blir nå digitalisera
Gjestebøkane på Øverbø er nå samla inn, og skal skannast og bli tilgjengeleg via Telemarkkilder. Snart 200 000 namn har skrive seg inn i bøkane.
 

Friluftslivets år
Mange av våre museum har flotte turløyper i sitt nærområdet. Les kva Riksantikvaren skriv om Sondre Norheim og ein tur til Øverbø og Morgedal.
 

TV-programmet
Ute i verda er programmet kjent som "New Scandinavian Cooking", og i Noreg blir det sendt av TV2 i programmet «Ein bit av Noreg».
 

VM- og OL-deltakarar frå Telemark
Norsk Skieventyr i Morgedal skal lage ei utstilling om deltakarar frå Telemark som har delteke med ski på VM og OL. Me treng din hjelp til dette!
 

I fotspora til Sondre
Journalisten Inge Lundereng har fulgt i spora til Sondre Norheim. Dei enda som kjend i Nord Dakota, og Lundereng har besøkt staden Sondre budde på.
 

Telemarken Skifabrikk på Norsk Skieventyr i Morgedal
Sørpolfarar Olav Bjaaland starta opp ein skifabrikk etter heimkomsten frå Sørpolekspedisjonen. Her kan du sjå ein liten film om korleis utstyret fungera.
 

Opplev Vest-Telemark Museum
Ein liten filmsnutt som viser mangfoldet til Vest-Telemark Museum. Arrangement, utstillingar og gode måltid kan du oppleve når du besøker oss.
 

Den store koftejakta
Gamle kofter og strikkeoppskrifter har fått nytt liv! På museet i Eidsborg kan du nå sjå ei lita utstilling kring internett-fenomenet DEN STORE KOFTEJAKTEN - basera på bloggen "Livs lyst" til Liv Sandvik Jakobsen.
 

Norrøna arkivet på flyttefot
Telemark Museum og Vest-Telemark Museum samarbeider nå om privatarkiv: torsdag 8. mai vart Norrøna arkivet flytta til Vest Telemark.
 

Vi Menn på besøk til Norsk Skieventyr Morgedal
"Mennesker fra andre siden av kloden kommer til Morgedal for å vise den moderne skisportens far respekt. Et pilegrimsbesøk i telemarksbygda gir et innblikk i hvorfor."
 

Sørpolsledeprosjekt ferdig
Sidan 2011 har det vore eit samarbeid mellom Senter for immateriell kulturarv, Maihaugen og Norsk Skieventyr i Morgedal. Samarbeidsprosjektet har vore å rekonstruere ein sørpolslede lik den Roald Amundsen sin ekspedisjon bruka for over hundre år sidan.
 

TV Telemark vitja Norsk Skieventyr
TV Telemark hadde lyst å lære meir om skihistoria og vitja Morgedal og Norsk Skieventyr.
 

Museum på radio
Me har hatt besøk av NRK P2 og programmet Museum. Dei ville gjerne høyre og sjå litt av det ein kan oppleve her, og turen gjekk til Rui-plassen, det nye museet og stavkyrkja i Eidsborg. Vidare drog me til Seljord og fekk høyre om bergverksdrift og bondeopprør.
 

Noregs lengste skipar
Noregs lengste, kanskje verdas lengste ski henger på veggen på Norsk Skieventyr. Lengda på skiparet er 17,23 m.
 

Vest-Telemark i bilder og på film
Sjekk korleis Vest-Telemark ser ut frå helikopter eller ta deg ein tur langs kanalen med Henrik Ibsen.
 

Vest-Telemark Museum på digitalt museum
Vest-Telemark Museum kan du finne på www.digitaltmuseum.no. Vi har lagt ut fleire av våre gjenstandar og fleire vil kome snart.
 

Skimaking i Morgedal
Har du lyst å lære meir om skimaking, kanskje lage dine eigne ski? På Norsk Skieventyr kan du besøke eit skimakarverkstad og sjå korleis Sondre Norheim laga sine ski.
 

Opplev skihistoria i Morgedal
"Sydpolekspedisjon", skiskokasting, skiskyting med pil og boge eller prøvesmaking av "klister" er aktivitetar ein kan oppleve i Morgedal. Små og store grupper kan vera med på ulike aktivitetar på Norsk Skieventyr
 

Filmen om Sondre Norheim
DVD "Frikaren på ski" - Historien om Sondre Norheim, den moderne skisportens far er no til sal på Norsk Skieventyr
 

Sjå Tveitenstoga på flyttefot
Kva er 10 m langt, veg 90 tonn og er ute på sledetur? Nrk har laga reportasje om flyttinga av Tveitenstoga på Vest-Telemark Museum, Eidsborg
 
Logg inn