Noregs lengste skipar

Arbeidet starta hausten 2011 med å hogge treet og ikkje minst lage vidjebindingar. Arbeidet fortsette utover vinteren og vart fyrste gong presentera under Morgedalsleikane 2012. Reportasje frå avisa Varden kan du sjå her.  
Skia har vidjebinding og det er ein svak innsving på ski lik det Sondre Norheim bruka i bakkane for 150 år sidan.

Arbeidet med å lage skiparet kan de sjå her. Låg kvalitet Høg kvalitet

Lengda på skia er 17,23 meter. Den førre rekorden er frå 2010, då vart det laga eit skipar som målte 14,21 meter til NM i Stokke.
Truleg er det og verdensrekord. Vi har ikkje funne noko anna skipar frå eit tre noko anna stad rundt omkring i verda.