Vår soger og historie på radio

Museum på radio

Me har hatt besøk av NRK P2 og programmet Museum. Dei ville gjerne høyre og sjå litt av det ein kan oppleve her, og turen gjekk til Rui-plassen, det nye museet og stavkyrkja i Eidsborg. Vidare drog me til Seljord og fekk høyre om bergverksdrift og bondeopprør.

Om du vil høyre programma kan du klikke på lenka nedanfor. Der vil du mellom anna møte Lisette Haukelidsæter som fortel om Rui-jentene, og Bergit og Sigurd Telnes som fortel om historia rundt Taraldskyrkja i Seljord, gruvedrifta på Gulnes og det dramatiske bondeopprøret i 1540.

http://podkast.nrk.no/fil/museum/nrk_museum_2012-0824-1145_6348140506.mp3?stat=1&pks=70510

I tillegg er det laga eit eige lite program om Stålekleivloftet, Noregs eldste profane trebygning. Loftet finn du på tunet til Vest-Telemark Museum i Eidsborg, og historia på

http://podkast.nrk.no/fil/museum/nrk_museum_2012-0824-0158_6348141338.mp3?stat=1&pks=70512