Sørpolsledeprosjekt ferdig

Olav Bjaaland frå Morgedal var ikkje berre ein god skiløpar, han var og ein dyktig handverkar. I vekstaden sin nede i isen på Sørpolen, forbedra Bjaaland eksisterande sledar dei hadde med, og han laga nye. Vekta vart kraftig redusera utan at det gjekk utover styrke og stabilitet.
Samarbeidsprosjektet mellom Senter for immateriell kulturarv, SIKA Maihaugen og Norsk Skieventyr(NSE) har rekonstruert sledemodellen Olav Bjaaland laga for meir enn hundre år sidan.

Målet med prosjektet var å dokumentere korleis Bjaaland laga sledane, og ta vare på dette handverket. Arbeidet er no dokumentert ved hjelp av film, bilder og tekst.

Meir om sledeprosjektet kan du lese her

Har du lyst å sjå korleis ein slede blir til?
Filmen kan du sjå her.

SIKA Maihaugen har mange oppgåver. Det å ta vare på gamle handverkstradisjonar er ein viktig del av SIKA sitt arbeid.
Det er ikkje fyrste gong SIKA og NSE samarbeider, våre tidlegare prosjekt kan du lese om her.

Skimaking

Hudsko


Testing av slede, dessverre ingen hundespann, det får bli seinare