God tilbakemelding på marknadsundersøking

Telemarkguiden takkar alle som har bruka tid til å svare på undersøkinga. Svara vi har fått vil styre prosjektarbeidet i 2013.

Styringsgruppa vedtok dette 17. januar som prioritera oppgåver i 2013:

·         Fortsatt kartlegge, stimulere og rekruttere personar til guidetenester

·         Utvikle eit enkelt opplæringsprogram basera på erfaringar frå eksisterande opplegg

·         Kontakte HIT med tanke på eit utvida opplegg for opplæring og kvalitetssikring

·         Utvikle ei nettside der kundar/besøkande kan finne potensielle omviserar, tilbod om guida opplevingar og kontaktinformasjon. Kan vera aktuelt å dra inn underhalding.

·         Finne samarbeidspartnarar som kan teste ut faste, ferdige opplegg innafor natur/kultur/mat/aktivitet opplevingar, hjelpe til med marknadsføring.

Spørjeundersøkinga kan du laste ned her
 

Styringsgruppa sin oppsummering finn du her