Nasjonal gåve frå Sparebankstiftinga DNB til Kanalparken i Eidsborg

"Me har stor tru på at dette kan bli ein attraksjon for alle og einkvar" skriv Sparebankstiftinga DNB i tildelingsbrevet, der dei stadfester ei nasjonal gåve på to millionar til bygging av aktivitetsparken i Eidsborg, som innheld ein modell av Telemarkskanalen.

Vest-Telemark Museum er eit stort steg nærare realisering av ein utandørs aktivitetspark ved hovudbølet i Eidsborg. Hovudtema i parken er Telemarkskanalen, med formidling av næringsliv, kultur og reiseliv langs kanalen. Sentralt i parken er ein vassførande, 105 m lang modell av kanalen, der store og små skal kunne transportere og sluse både brynestein og tømmer frå Dalen og heilt til Skien.


Den nasjonale gåva frå Sparebankstiftinga DNB utgjer ein tredjedel av totalbudsjettet på opp under 6 millionar. Andre bidragsytare er Statkraft, Telemark Utviklingsfond, Telemark fylkeskommune, Tokke kommune, Kulturdepartementet og Telemarkskanalen Regionalpark.

Parken skal etter planen stå ferdig 1. juli 2015.

Sjå ein animasjon av heile kanalmodellen her:



Om du vil vite meir om Sparebankstiftinga DNB, kan du sjekke her.