Opplæring og kurs

«Telemarkguiden» har gjennomført fleire kurs både med leigd hjelp og i eigen regi. Det er utvikla eit kursprogram med tanke på vertskapsfunksjon. Enkle tips i ta imot gjester, innføring i formidling og kunnskap om Telemark ligg i kursplanen for dette 1-dags kurset. Kurset passar for personar som skal ta i mot gjester, som møter turisten på sin arbeidsplass eller som skal ha guideoppdrag.

Kursplan, bakgrunnsstoff og powerpointpresentasjon er tilgjengeleg for den som ynskjer å ha eit kurs i sitt nærområdet. Me kan og hjelpe til med praktiske tips, råd om kurshalderar og gjennomføring av kurs.

Kontakt telefon 35069080 eller nse@vtm.no.