Ny utstilling i Eidsborg: TALLEIV HUVESTAD - Eidsvollsmannen frå Øvre Telemark

18. mai opnar VTM ei nokså spesiell utstilling om 1814, Grunnlova og bonden som representerte Telemark på Eidsvoll. Det skjer samstundes med at Tokke kommune har sin offisielle markering av grunnlovsjubileet på museet i Eidsborg.

Sundag 18. mai blir det ei større tilstelling i Eidsborg i høve grunnlovsjubileet. Slik er programmet for dagen:

kl 14:
Kransnedlegging ved støtta over Talleiv Huvestad
Musikkinnslag ved Kulturskulen i Tokke
Tale

kl 15:
Tokke songlag syng i museet
Føredrag ved Torgrim Otterholt om Talleiv Huvestad og Grunnlova
Utstillingsopning og omvising

Kaféen serverer historisk middag á la 1814 fram til kl 19


Talleiv Huvestad måla av Mikkel Mandt i 1843


Ei teikna utstilling om Talleiv Olavsson Huvestad (1761-1847) - Eidsvollsmannen frå Øvre Telemark

Talleiv var bonde, lærar, lækjar, skrivar, prestehjelpar og rådgjevar for sine grannar i Lårdal og Dalen gjennom mange år. Han var representant for Bratsberg amt på Eidsvoll i 1814, saman med amtmann Severin Løvenskiold og futen Peter Jørgen Clouman. Han var også Stortingsmann i tre periodar, to av dei som vara.

Me veit at han skilde seg ut i riksforsamlinga på Eidsvoll - både i klesvegen, gjennom sine kunnskapar og med sine sjølvstendige meiningar.

Men han skreiv ikkje dagbok, og me veit ikkje om brev eller anna direkte etter han. I historiebøkane er han berre så vidt nemnt. Og i forteljinga om 1814 spelar bøndene tilsynelatande berre ei siderolle.

Kva tenkte Talleiv? Kva trudde han på?

Utstillinga som VTM har laga om Talleiv Huvestad, er utforma som ei historisk teikneserie. Ho er teikna av Tor Arne Hegna frå Sauherad og basert på opplysingar samla frå alle tilgjengelege kjelder.

Det var naudsynt å ta nokre sjanser for å teikne historia om Huvestad. Kva tydde det at ein avsett prest budde på heimegarden i Skafså då han var gut? Las han i “Norske Provinzialblade” kring 1780 om franske frihetsidéar? Var det opplysingspresten Svend Aschenberg som lærte han behandling av tyfus? Var han mellom dei som måtte gøyme seg innandørs på Bogstad gard medan feiringa av Grunnlova pågjekk i Christiania?

Me veit det ikkje sikkert, men det kan ha vore slik.

Me vonar at utstillinga kan bidra til å gje eit bilete av ei tid, eit miljø og ein markert person som var med på å forme samfunnet me har i dag.

Utstilling står fram til 15. oktober


Talleiv Huvestad i yngre år, slik Tor Arne Hegna har teikna han