Nytt i Eidsborg sesongen 2014

Ny ustilling om tekstilhandverk og drakthistorie. Utvida knivutstilling med særutstilling av Arne Martin Solbjør. Måleri av fire Telemarks-målarar. Den store koftejakta. Historia om eidsvollsmannen Talleiv Huvestad. Det er mykje nytt på museet i Eidsborg i 2014.

Sundag 8. juni var det utstillingsopning  og omvising med nokre av dei som har laga utstillingane til stades.

I programmet presenterte me bakgrunnen for dei nye delane i den permanente utstillinga i Eidsborg:

Fra stutt liv til eit som vart lengre: drakttradisjon i Vest-Telemark i perioden 1800-1900.

Utvida knivutstilling og særutstilling med knivmakar Arne Martin Solbjør. Som den fyrste knivmakar fekk Solbjør Statens kunstnarstipend for å kunne arbeide meir med utviklinga av knivmakinga. Dette er ein stor honnør til knivmakaren frå Øyfjell, men også til sjølve knivmakinga.

Fire blikk - telemarksmålarane Øystein Vesaas, Olav Sandaaker, Nanna Kiønig og Ture Holm

Dessutan viser me ei lita utstilling om internett-fenomenet DEN STORE KOFTEJAKTA, basert på bloggen “Livs lyst” av Liv Sandvik Jakobsen.

Noko tidlegare opna utstillinga HUVESTAD - Eidsvollsmannen frå Øvre Telemark. Historia om Talleiv Huvestad og livet hans blir fortalt i form av ein teikneserie, på museet sine vegger og i bokform!

Alt dette kan du sjå i tillegg til den faste utstillinga, som fortel om handverk og folkekunst "frå tyristikka til glødelampa". Velkomen!

Bilete frå tekstilutstillinga (I tunet på Aabø, 1960-talet)