Gunnar Utsond 150 år

I 2014 er det 150 år sida bilethoggaren Gunanr Utsond vart fødd. I samband med dette visar me i sommar ei oppdatera utstilling i Utsondhalli på Bygdetunet. Eit nytt utval av dei mest karakteriske verka er gjort - eit forsøk på å sette kunstnaren inn i ein større samanheng. Utstillinga er open alle dagar kl 10-18 fram til 10. august.



Eit utsnitt frå utstillingsteksten:

Gunnar Karenius Utsond blei fødd i 1864 på Nordgarden i Kviteseid (Lundevallsgrend) som son av byggmester Olaus Svenkesen og Hege Dale Nordbø.
Seinare flytta familien til Utsond og tok namn etter staden. Alt tidleg i ungdomen laga Gunnar figurar i tre og andre materiale. Han blei tannlækjar, men gjekk også på «Den kgl. Tegneskole» i Kristiania. I 1889 drog han til København for å studere bilethoggarkunst hjå blant anna Stephan Sinding.

Sinding var ein norskfødd bilethoggar (1846-1922) som var svært kjend i utlandet. Han hadde ei stilutvikling som liknar mykje på Utsond, berre ein generasjon tidlegare: med ei klassisk utdanning i skulpturteknikk i botn, blei han sterkt påverka av dei moderne straumane i bilethoggarkunsten – realismen, naturalismen og til slutt symbolismen.

I 1897 fekk Gunnar Utsond eit stipend som gjorde at han kunne bu tre år i Paris for å studere vidare.  Der møtte han kunsten til den verdsberømte Auguste Rodin, ein stor naturalist som blei eit førebilete for svært mange bilethoggarar i Europa eit godt stykke inn på 1900-talet.

Utsond fekk stor suksess på slutten av sitt opphald i Frankrike. Ved tusenårsutstillinga i Paris 1900 fekk han rosande omtale av sjølvaste Rodin for «Havet gjengir sine døde», og gullmedalje for «Helferd». Men begge verka blei skadd i samband med heimtransporten til Noreg, «Havet» så mykje at det blei heilt øydelagt. «Helferd» blei lagra i eit skur utanfor Nasjonalgalleriet, og det tok 21 år før den blei reist i bronse utanfor Sjømannskulen på Ekeberg (i dag BI) der den framleis står i dag.

  

I dei følgjande tiåra laga Utsond ein rekkje byster og statuar av kjende nordmenn. Nokre var tinga, nokre vann tevlingar. I tillegg til «Helferd» er det desse som framleis minner om Utsond i det offentlege rom i dag: J.S. Welhaven («Det er en bitter kvide») kviler på sin hagebenk på Riddervolds Plass i Oslo (restaurert 2014). A.O. Vinje står støtt med sin fjellstav ved Fylkeshuset i Skien. Sam Eyde ruvar på Rjukan. Av bystane kan Viggo Ullmann (Seljord), Gunnar Knutsen (Borgestad), Torjus Sølverud (Nes i Sauherad) og Tormod Knutsen Borgejorde (Kviteseid) nemnast.

Den meistarlege statuen av Camilla Collett med armane i kross blei aldri reist – her vann Gustav Vigeland konkurransen, som mange gonger elles når dei to tevla om oppdrag.

I 1903 blei Utsond gift med Gunhild Øyan, og i 1907 kjøpte dei den gamle garden Neset i Kviteseid der Utsond bygde eit atelier oppe på den godt synlege toppen.

Då Statens Kunstakademi blei skipa i 1909, blei Gunnar Utsond ein av tre professorar ved skulen. Han var i stillinga i 12 år før han plutseleg trekte seg, i protest mot avgjerda til Kristiania kommune om å bygge eit atelier spesielt for Gustav Vigeland slik at han kunne fullføre sin store skulpturpark.

I 1922 blei Utsond inspirator for bilethoggaren Dyre Vaa som i ein alder av 19 år vitja han med eit hovud av diktaren Dante han hadde laga. Utsond oppmuntra Dyre og lærte han å støype i gips.

På 1930-talet trekte Utsond seg meir og meir attende, samstundes som han laga nokre av sine mest særprega verk. Forteljingar vitnar om ein nokså uforsonleg mann som utan tvil følte seg forbigått. Han ville ikkje delta i kunstnarane sin boikott av kulturadministrasjonen under NS-tida, noko som blei teken særs ille opp etter krigen. Han døydde i Kviteseid i 1950.



Utskriftsversjon Utskriftsversjon

Aktuelt

Gjestebøkane på Øverbø blir nå digitalisera
Gjestebøkane på Øverbø er nå samla inn, og skal skannast og bli tilgjengeleg via Telemarkkilder. Snart 200 000 namn har skrive seg inn i bøkane.
 

Friluftslivets år
Mange av våre museum har flotte turløyper i sitt nærområdet. Les kva Riksantikvaren skriv om Sondre Norheim og ein tur til Øverbø og Morgedal.
 

TV-programmet
Ute i verda er programmet kjent som "New Scandinavian Cooking", og i Noreg blir det sendt av TV2 i programmet «Ein bit av Noreg».
 

VM- og OL-deltakarar frå Telemark
Norsk Skieventyr i Morgedal skal lage ei utstilling om deltakarar frå Telemark som har delteke med ski på VM og OL. Me treng din hjelp til dette!
 

I fotspora til Sondre
Journalisten Inge Lundereng har fulgt i spora til Sondre Norheim. Dei enda som kjend i Nord Dakota, og Lundereng har besøkt staden Sondre budde på.
 

Telemarken Skifabrikk på Norsk Skieventyr i Morgedal
Sørpolfarar Olav Bjaaland starta opp ein skifabrikk etter heimkomsten frå Sørpolekspedisjonen. Her kan du sjå ein liten film om korleis utstyret fungera.
 

Opplev Vest-Telemark Museum
Ein liten filmsnutt som viser mangfoldet til Vest-Telemark Museum. Arrangement, utstillingar og gode måltid kan du oppleve når du besøker oss.
 

Den store koftejakta
Gamle kofter og strikkeoppskrifter har fått nytt liv! På museet i Eidsborg kan du nå sjå ei lita utstilling kring internett-fenomenet DEN STORE KOFTEJAKTEN - basera på bloggen "Livs lyst" til Liv Sandvik Jakobsen.
 

Norrøna arkivet på flyttefot
Telemark Museum og Vest-Telemark Museum samarbeider nå om privatarkiv: torsdag 8. mai vart Norrøna arkivet flytta til Vest Telemark.
 

Vi Menn på besøk til Norsk Skieventyr Morgedal
"Mennesker fra andre siden av kloden kommer til Morgedal for å vise den moderne skisportens far respekt. Et pilegrimsbesøk i telemarksbygda gir et innblikk i hvorfor."
 

Sørpolsledeprosjekt ferdig
Sidan 2011 har det vore eit samarbeid mellom Senter for immateriell kulturarv, Maihaugen og Norsk Skieventyr i Morgedal. Samarbeidsprosjektet har vore å rekonstruere ein sørpolslede lik den Roald Amundsen sin ekspedisjon bruka for over hundre år sidan.
 

TV Telemark vitja Norsk Skieventyr
TV Telemark hadde lyst å lære meir om skihistoria og vitja Morgedal og Norsk Skieventyr.
 

Museum på radio
Me har hatt besøk av NRK P2 og programmet Museum. Dei ville gjerne høyre og sjå litt av det ein kan oppleve her, og turen gjekk til Rui-plassen, det nye museet og stavkyrkja i Eidsborg. Vidare drog me til Seljord og fekk høyre om bergverksdrift og bondeopprør.
 

Noregs lengste skipar
Noregs lengste, kanskje verdas lengste ski henger på veggen på Norsk Skieventyr. Lengda på skiparet er 17,23 m.
 

Vest-Telemark i bilder og på film
Sjekk korleis Vest-Telemark ser ut frå helikopter eller ta deg ein tur langs kanalen med Henrik Ibsen.
 

Vest-Telemark Museum på digitalt museum
Vest-Telemark Museum kan du finne på www.digitaltmuseum.no. Vi har lagt ut fleire av våre gjenstandar og fleire vil kome snart.
 

Skimaking i Morgedal
Har du lyst å lære meir om skimaking, kanskje lage dine eigne ski? På Norsk Skieventyr kan du besøke eit skimakarverkstad og sjå korleis Sondre Norheim laga sine ski.
 

Opplev skihistoria i Morgedal
"Sydpolekspedisjon", skiskokasting, skiskyting med pil og boge eller prøvesmaking av "klister" er aktivitetar ein kan oppleve i Morgedal. Små og store grupper kan vera med på ulike aktivitetar på Norsk Skieventyr
 

Filmen om Sondre Norheim
DVD "Frikaren på ski" - Historien om Sondre Norheim, den moderne skisportens far er no til sal på Norsk Skieventyr
 

Sjå Tveitenstoga på flyttefot
Kva er 10 m langt, veg 90 tonn og er ute på sledetur? Nrk har laga reportasje om flyttinga av Tveitenstoga på Vest-Telemark Museum, Eidsborg
 
Logg inn