I nokre museer er sesongen 2014 over. Morgedal og Eidsborg er opne

Utstillingane i Kviteseid, Åmdals Verk, Vinje (Rauland) og Fyresdal er no stengde. Museane i Eidsborg og Morgedal er opne som før, og der kan du også kjøpe middag og anna varm mat.

Her kan du lese om utstillingar som har vore i sommar - nokre av desse kan du tinge omvising på også utanfor sesongen...

Kviteseid bygdetun kunne du sjå fotoutstillinga "Når skogen tek over". Med utgangspunkt i 14 forsvunne plassar i "Lunden krins" - på vestsida av Vrådalsvatnet - synte utstillinga kva som skjer når naturen tek buplassar attende etter at menneska har flytt ut. Denne utstillinga er no teke ned.

31.08.2014 var det 150 år sida bilethoggaren Gunanr Utsond vart fødd. I samband med dette blei det laga ei oppdatera utstilling i Utsondhalli på Bygdetunet. Eit nytt utval av dei mest karakteriske verka er gjort - eit forsøk på å sette kunstnaren inn i ein større samanheng. Utstillinga er no stengd, men omvising kan tingast.

Les meir om utstillingane på Kviteseid bygdetun her.

"Gull i veggane" var ei sesongutstilling på Fyresdal bygdemuseum. Under restaurering av det gamle våningshuset på Tveit gard i Tovdal (Åml, ikkje langt frå kommunegrensa til Fyresdal) kom dei fram: ei mengd med gamle filler som var stappa inn i veggane, fundt dører og vindauge som isolasjon. Torild A. Fossnes sorterte fillene, rekonstruerte draktane, og laga ei unik utstilling som blei vist i Fyresdal Bygdemuseum kvar helg fram til 1. sept. Den er no teke ned.

Meir om Fyresdal bygdetun finn du her.


Øyfjell Bygdemuseum har fokus på arbeidshesten i år. Det er samla inn mykje hestereiskap som er utstilt i låven, og inne i museet er det ei flott fotosamling som viser hesten i arbeid. Omvising i denne utstillinga er mogleg å tinge utanom sesongen også, men den kan vere vanskeleg tilgjengeleg om vinteren.

På Rauland kan du framleis besøke Dyre Vaa-  og Knut Skinnarland sine samlingar, om du tingar omvising på førehand.  Salsutstillinga i Skinnarland sine samlingar er stengd.

I Eidsborg og på Norsk Skieventyr i Morgedal er det i år fleire nyheitar, du finn meir info på vår nettside. Desse musea er heilårsopne.

Vinje Biletgalleri, Vinjestoga og Myllarheimen er no stengde.

 



Utskriftsversjon Utskriftsversjon

Aktuelt

Gjestebøkane på Øverbø blir nå digitalisera
Gjestebøkane på Øverbø er nå samla inn, og skal skannast og bli tilgjengeleg via Telemarkkilder. Snart 200 000 namn har skrive seg inn i bøkane.
 

Friluftslivets år
Mange av våre museum har flotte turløyper i sitt nærområdet. Les kva Riksantikvaren skriv om Sondre Norheim og ein tur til Øverbø og Morgedal.
 

TV-programmet
Ute i verda er programmet kjent som "New Scandinavian Cooking", og i Noreg blir det sendt av TV2 i programmet «Ein bit av Noreg».
 

VM- og OL-deltakarar frå Telemark
Norsk Skieventyr i Morgedal skal lage ei utstilling om deltakarar frå Telemark som har delteke med ski på VM og OL. Me treng din hjelp til dette!
 

I fotspora til Sondre
Journalisten Inge Lundereng har fulgt i spora til Sondre Norheim. Dei enda som kjend i Nord Dakota, og Lundereng har besøkt staden Sondre budde på.
 

Telemarken Skifabrikk på Norsk Skieventyr i Morgedal
Sørpolfarar Olav Bjaaland starta opp ein skifabrikk etter heimkomsten frå Sørpolekspedisjonen. Her kan du sjå ein liten film om korleis utstyret fungera.
 

Opplev Vest-Telemark Museum
Ein liten filmsnutt som viser mangfoldet til Vest-Telemark Museum. Arrangement, utstillingar og gode måltid kan du oppleve når du besøker oss.
 

Den store koftejakta
Gamle kofter og strikkeoppskrifter har fått nytt liv! På museet i Eidsborg kan du nå sjå ei lita utstilling kring internett-fenomenet DEN STORE KOFTEJAKTEN - basera på bloggen "Livs lyst" til Liv Sandvik Jakobsen.
 

Norrøna arkivet på flyttefot
Telemark Museum og Vest-Telemark Museum samarbeider nå om privatarkiv: torsdag 8. mai vart Norrøna arkivet flytta til Vest Telemark.
 

Vi Menn på besøk til Norsk Skieventyr Morgedal
"Mennesker fra andre siden av kloden kommer til Morgedal for å vise den moderne skisportens far respekt. Et pilegrimsbesøk i telemarksbygda gir et innblikk i hvorfor."
 

Sørpolsledeprosjekt ferdig
Sidan 2011 har det vore eit samarbeid mellom Senter for immateriell kulturarv, Maihaugen og Norsk Skieventyr i Morgedal. Samarbeidsprosjektet har vore å rekonstruere ein sørpolslede lik den Roald Amundsen sin ekspedisjon bruka for over hundre år sidan.
 

TV Telemark vitja Norsk Skieventyr
TV Telemark hadde lyst å lære meir om skihistoria og vitja Morgedal og Norsk Skieventyr.
 

Museum på radio
Me har hatt besøk av NRK P2 og programmet Museum. Dei ville gjerne høyre og sjå litt av det ein kan oppleve her, og turen gjekk til Rui-plassen, det nye museet og stavkyrkja i Eidsborg. Vidare drog me til Seljord og fekk høyre om bergverksdrift og bondeopprør.
 

Noregs lengste skipar
Noregs lengste, kanskje verdas lengste ski henger på veggen på Norsk Skieventyr. Lengda på skiparet er 17,23 m.
 

Vest-Telemark i bilder og på film
Sjekk korleis Vest-Telemark ser ut frå helikopter eller ta deg ein tur langs kanalen med Henrik Ibsen.
 

Vest-Telemark Museum på digitalt museum
Vest-Telemark Museum kan du finne på www.digitaltmuseum.no. Vi har lagt ut fleire av våre gjenstandar og fleire vil kome snart.
 

Skimaking i Morgedal
Har du lyst å lære meir om skimaking, kanskje lage dine eigne ski? På Norsk Skieventyr kan du besøke eit skimakarverkstad og sjå korleis Sondre Norheim laga sine ski.
 

Opplev skihistoria i Morgedal
"Sydpolekspedisjon", skiskokasting, skiskyting med pil og boge eller prøvesmaking av "klister" er aktivitetar ein kan oppleve i Morgedal. Små og store grupper kan vera med på ulike aktivitetar på Norsk Skieventyr
 

Filmen om Sondre Norheim
DVD "Frikaren på ski" - Historien om Sondre Norheim, den moderne skisportens far er no til sal på Norsk Skieventyr
 

Sjå Tveitenstoga på flyttefot
Kva er 10 m langt, veg 90 tonn og er ute på sledetur? Nrk har laga reportasje om flyttinga av Tveitenstoga på Vest-Telemark Museum, Eidsborg
 
Logg inn