I nokre museer er sesongen 2014 over. Morgedal og Eidsborg er opne

Utstillingane i Kviteseid, Åmdals Verk, Vinje (Rauland) og Fyresdal er no stengde. Museane i Eidsborg og Morgedal er opne som før, og der kan du også kjøpe middag og anna varm mat.

Her kan du lese om utstillingar som har vore i sommar - nokre av desse kan du tinge omvising på også utanfor sesongen...

Kviteseid bygdetun kunne du sjå fotoutstillinga "Når skogen tek over". Med utgangspunkt i 14 forsvunne plassar i "Lunden krins" - på vestsida av Vrådalsvatnet - synte utstillinga kva som skjer når naturen tek buplassar attende etter at menneska har flytt ut. Denne utstillinga er no teke ned.

31.08.2014 var det 150 år sida bilethoggaren Gunanr Utsond vart fødd. I samband med dette blei det laga ei oppdatera utstilling i Utsondhalli på Bygdetunet. Eit nytt utval av dei mest karakteriske verka er gjort - eit forsøk på å sette kunstnaren inn i ein større samanheng. Utstillinga er no stengd, men omvising kan tingast.

Les meir om utstillingane på Kviteseid bygdetun her.

"Gull i veggane" var ei sesongutstilling på Fyresdal bygdemuseum. Under restaurering av det gamle våningshuset på Tveit gard i Tovdal (Åml, ikkje langt frå kommunegrensa til Fyresdal) kom dei fram: ei mengd med gamle filler som var stappa inn i veggane, fundt dører og vindauge som isolasjon. Torild A. Fossnes sorterte fillene, rekonstruerte draktane, og laga ei unik utstilling som blei vist i Fyresdal Bygdemuseum kvar helg fram til 1. sept. Den er no teke ned.

Meir om Fyresdal bygdetun finn du her.


Øyfjell Bygdemuseum har fokus på arbeidshesten i år. Det er samla inn mykje hestereiskap som er utstilt i låven, og inne i museet er det ei flott fotosamling som viser hesten i arbeid. Omvising i denne utstillinga er mogleg å tinge utanom sesongen også, men den kan vere vanskeleg tilgjengeleg om vinteren.

På Rauland kan du framleis besøke Dyre Vaa-  og Knut Skinnarland sine samlingar, om du tingar omvising på førehand.  Salsutstillinga i Skinnarland sine samlingar er stengd.

I Eidsborg og på Norsk Skieventyr i Morgedal er det i år fleire nyheitar, du finn meir info på vår nettside. Desse musea er heilårsopne.

Vinje Biletgalleri, Vinjestoga og Myllarheimen er no stengde.