Telemarken Skifabrikk på Norsk Skieventyr i Morgedal

Sjå filmen her

Olav Bjaaland kom att frå ekspedisjonen til Sørpolen med Roald Amundsen sommaren 1912. Olav Bjaaland lånte pengar av Roald Amundsen, og bygde ein skifabrikk nede ved Kviteseidvatnet. Det var elektrisitet i området, og Bjaaland kunne montere maskiner som bruka straum. Dette var eit stort framsteg, og det vart lettare å masseprodusere ski. 

Olav Bjaaland hadde laga ski til sørpolsekspedisjonen, så det å kjøpe ski laga av Bjaaland tyda på god kvalitet.
Skifabrikken vart driven av Olav Bjaaland frå 1912 til 1931, med eit opphald på ti år mellom 1916 til 1926 då bror hans Såmund Bjaaland dreiv fabrikken. 
På slutten av 1920-talet flyt Olav og kona Anne til barndomsheimen hennar, Djuve for å ta over drifta av garden. Fabrikken vart seld til apotekar Trygve Feilberg i 1931, og Einar Sudbø vart sentral i det som fekk navnet Telemarken Skifabrik. Einar Sudbø hadde vore lærling hjå Olav Bjaaland då han dreiv skifabrikken.

Les meir om Olav Bjaaland her

Einar Sudbø arbeider i verkstaden