Godt gjennomført Kviteseiddag 31. august 2014

Kviteseiddagen 31.aug. 2014

 
Dagen starta med gudsteneste i Kviteseid gamle kyrkje. Etterpå var det samling på Kviteseid bygdetun og Halvor Nyland ynskte velkomen til Kviteseiddagen 2014.

Kviteseid kulturskule byrja dagen med underhald. Etterpå vart det markering av Kviteseid Sanitetslag sitt 100-års jubileum v/Tore Skaug som hadde med ein smakebit frå årets utgåve av "Gamalt frå Kviteseid".

Det er 125 år sidan forfattar og lyrikar Aslaug Vaa vart født. Dette vart markera ved Steinar Smeland som fortalde, og Johannes Skarprud som sang dikt som nyleg var tonesett av m.a. Oddbjørn Aase.

I pausa var det matsal (lapskaus frå Norsk Skieventyr) og aktivitetar som natursti og klypelyft.
Alle husa på Bygdetunet var opne, og mange fekk med seg fotoutstillinga "Når skogen tek over"  v/Jostein Fjalestad og Gunnar Wraa.   
                   
Etter pause fortsette ein med Gunnar Utsond-markering (150 år sidan han vart født i Kviteseid). Dette var ved formidlingsansvarleg Tilman Hartenstein, Vest-
Telemark Museum, som hadde ein fagdel og omvisning i Utsondhalli.
                      
Dagen vart avslutta ved og utdeling av vandrepokalar for klypelyft og premiar for konkurransane. 

.