Utstilling "De kalde lekene"

Torsdag 13. november opna Halvor Kleppen utstillinga "De kalde lekene" på Norsk Skieventyr i Morgedal. Utstillinga har fokus på striden om dei vinterolympiske vinterleikar, og har tatt utgangspunkt i Kleppen si nye bok med same namn.

Halvor Kleppen er kjend som tidlegare NRK journalist, han er forfattar av fleire bøkar og underviser ved Høgskulen i Bø. I boka "De kalde lekene" tar Kleppen oss med inn i kampen om dei vinterolympiske leikane, og ikkje minst striden mellom profesjonalisme og amatøridrett innan skisporten.

Fleire ukjende historiar dukkar opp, og kanskje var ikkje Noreg så mot Vinter-OL som mange har hevda.

Oslo var aktuell kandidat til Vinter-OL allereie i 1924 og i 1940, og Rjukan var ynskt som arrangør av VM i alpine greinar også i 1940.

Utstillinga viser bilde og tekst frå boka, eit lite utdrag av historiane som ein kan finne i "De kalde lekene". Ynskjer ein å vite meir kan ein sjølvsagt kjøpe boka på Norsk Skieventyr.

Utstillinga er open fram til 8. februar 2015. Då blir "De kalde lekene" skifta ut med ei utstilling om Telemark sine VM- og OL-heltar.