Vil du bidra til jolemarknaden på avslutting av KUFTESKOGEN?

Sundag 14. desember er siste opningsdag ved museet i Eidsborg før jol. Kl 16 avsluttar me KUFTESKOGEN med føredrag og boklansering. Det blir også ein jolemarknad med kunsthandverk og tekstil. Marknaden er open for alle, og du kan bidra med eigne salsvarer.

Gjennom 8 veker har KUFTESKOGEN vore eit trekkplaster for strikke- og kufteentusiastar. Det kom stadig nye kufter på plass, og strikkekveldane har vore godt besøkt (sjå bilete). Sundag 3. advent avsluttar me utstillinga med presentasjon og signering av KOFTEBOKA og ein liten jolemarknad.

Slik blir programmet:

16.00  Liv S. Jakobsen fortel om koftegruppa og KOFTEBOKA
16.30  Museet loddar ut 20 signerte eks av boka mellom alle som har bidrege med kuftar til utstillinga
16.45  Liv S. Jakbosen signerer boka
17.00  Siste omvising i utstillinga.
Deretter er det jolemarknad med kunsthandverk mm, og det er høve til å avslutte 3. advent med eit jolemåltid i kafeen.
Me held open til kl 19.

Fri inngang.

Vil du bidra med eige produkt til jolemarknaden (treng ikkje vere berre tesktil), ta kontakt med May Britt Lundevall (488 47 792) og møt opp i Eidsborg kl 15 sundag 14/12.