Ny gårds- og ættesoge i sal!

Sundag 14.desember vart Lårdal Ætt og heim, Høydalsmo sokn lansert. Bygdebokforfattar Tarjei Førstøyl legg fram eit stort og grundig arbeide.



I tre rikt illustrerte band på vel 1600 sider vert gardar og buplassar og dei som har budd der presentert. Fyrste band presenterer Breiland, Ofte og Hovden krins. Andre band Tveiten og Smørklepp. Tredje band tek for seg Kvål og Fjødde.



Bøkene kan du kjøpe på Vest-Telemark Museum. Samla kostar dei tre banda kr. 2000,- Kjøpt enkeltvis kr. 800,-.  Eventuell frakt kjem i tillegg.

Museet er stengt mellom 15. desember og 10. januar. Men du kan ringe fram til 19. desember, og frå 5. januar, eller sende ein epost når du vil: post@vtm.no .

GOD JOL!