VM- og OL-deltakarar frċ Telemark

 Utstillinga skal vise telemarkingane sin innsats på ski tilbake til det fyrste Vinter-OL i Chamonix i 1924 og fram til OL i Sotsji sist vinter. Det skal ikkje bare vera fokus på Vinter-OL, men også innsatsen på VM på ski skal visast fram, historia her går tilbake til Lahti 1926.

I utstillinga vil me vise fram medaljer, diplomar, bilder og utstyr som har vore i bruk under OL og VM. Det kan og vera andre minne/gjenstandar som kan passe inn i utstillinga. Me har samla inn ein del info, og har vore i kontakt med fleire deltakarar, men me ynskjer kontakt med slektingar, deltakarar, vener og andre som kan bidra med opplysingar.

Utstillinga skal vera klar til VM i Falun i midten av februar, og me vil gjerne låne inn gjenstandar og andre minne i ein periode framover.

Ta komtakt på tg@vtm.no eller tlf. 95241315.

Førebels oversikt er desse namna, sei frå om det er namn som manglar på lista.

OL og VM deltakarar frå Telemark
Anders Olsen Haugen frå Bø, emigrerte til Milwaukee, USA. OL 1924, Chamonix, Frankrike. Hopp og langrenn. OL 1928, St. Moritz, Sveits. Hopp, kombinert og langrenn.
Jon Mårdalen, Tinn Skilag. OL 1924, Chamonix, Frankrike. Langrenn.
Einar Landvik, frå Kviteseid. KLubb Rjukan IL. OL 1924, Chamonix, Frankrike. Hopp og langrenn. VM 1926, Lahti, kombinert.
Otto Aasen frå Fåberg, men flytta til Rjukan. Klubb Rjukan IL. VM 1926, Lahti, Finland. Hopp og kombinert.
Hans Kleppen, Bø og Skarpehedin IL. OL 1928, St. Moritz, Sveits, hopp. OL 1932 Lake Placid, USA, prøvehoppar. VM 1929, Zakopane, Polen, hopp.
Jon Snersrud, frå Flå, men flytta til Rjukan. Klubb Rjukan Skilag. OL 1928, Hopp, langrenn og kombinert.
Olav T Kaasa frå Bø, IL Skarphedin, Odd skiklubb og Urædd skiklubb. VM 1930 i Oslo, kombinertløpar.
Kjetil Mårdalen, Tinn Skilag, kombinertløpar. VM 1950, Lake Placid, USA. VM 1954, Falun, Sverige. OL 1956, Cortina, Italia.
Karen-Sofie Styrmoe Oseid, Tinn, Skiklubben Ready. OL 1952 Oslo, Norge. Slalåm og utfor.
Guttorm Heldal frå Drangedal, Drangedal IL og Strømsgodset IF. VM 1958. Hopp.
Jon Terje Øverland, Rjukan IL. VM 1966, Portillo, Chile. Slalåm og kombinasjonen. VM 1970 Val Gardena, Italia, utfor. OL 1964 Innsbruck, Austerrike, storslalåm
Steinar Bråthen, Drangedal. Klubb Rennebu IL/Trønderhopp. Hopp.
Sanna Grønlid, Høydalsmo. Klubb Høydalsmo IL og Tingelstad skyttarlag. Skiskyting.
Siv Bråten Lunde, Drangedal. Klubb Tingelstad IL, Vestre Trysil IL og IL Trysilgutten. Skiskyting.
Atle Skårdal, Lunde. Klubb Skade IL. Slalåm, utfor og Super-G.
Knut Tore Apeland, Haukeli/Edland. Klubb IL Rein. Kombinert.
Merete Fjeldavlie, Rjukan IL. Super-G, slalåm og storslalåm.
Preben Brynemo, Porsgrunn. Klubb Sannidal IL. Kombinert.
Jan Rune Grave, Kviteseid. Klubb Vrådal IL. Kombinert.
Ella Gjømle, Stathelle, Klubb Lyn. Langrenn.
Magnus Krog, Høydalsmo. Klubb Høydalsmo IL. Kombinert.