Besøk av National Geographic i Morgedal

To nederlandske journalistar som representerar National Geographic var i Morgedal. Dei laga ski på same måten som Sondre Norheim gjorde, og etterpå skal dei på ein 10 dagars ekspedisjon med skia.

 Jolanda Linschooten, fotojournalist og forfattar og Frank van Zwol som bl.a. driv med guida vinterturar har eit spanande prosjekt på gang. Dei vil lage ski på den gamle måten, lik morgedølane gjorde det for 150 år sidan. Etter at skia var ferdige skal dei teste skia på ein 10 dagars tur i Jotunheimen.

Det var viktig i prosjektet å gjere mest mogeleg sjølve, og prøve alle prosessane i skimakinga. Det starta med å felle ei tørr furu, kløyve den i skogen og ta med skiemna til skimakarverkstaden for meir bearbeiding. Øks og høvel var reiskapen, og til slutt kunne skia dekorerast og testast.

Les bloggen til Jolanda kva ho skriv om veka i Morgedal og turen etterpå.

På NRK Telemark kan høyre kva dei sjølv seier og sjå ein liten film frå skimakinga

På Norsk Skieventyr kan du lære meir om skimaking.

Lyst til å lage ski?

Les meir om skimaking her

Kontakt Morgedal SKI

E-post: post@skimaking.com

Tlf. 95241315

Du finn oss og på FB