Gjestebøkane på Øverbø blir nå digitalisera

Gjestebøkane på Øverbø er nå samla inn, og skal skannast og bli tilgjengeleg via Telemarkkilder. Snart 200 000 namn har skrive seg inn i bøkane.

Bøkane skal til Notodden, og Telemarkkilder har ansvaret for denne jobben. Det vil og kome tilbake kopiar av bøkane til stoga på Øverbø, mange synest det er artig å lese gjennom dei mange helsingane og teikningane.

Artig å bla litt i dei, mange fine helsingar og teikningar frå både inn- og utland. Telemarkforsking hadde ein oppteljing av namn i 2004, då hadde det passera 150 000, truleg nærare 200 000 nå. Eit lite utval av teikningar og helsingar finn du på lenkja litt lengre ned på sida.

Bla gjerne gjennom bilda, og les bl.a. ei helsing frå det danske landslaget i ski frå VM i Oslo 1966, japansk teikning, besøk frå Israel, Statens Lærarskule og kanskje dagens kulturminister pluss mange fleire.

Sjå bilde frå bøkane her: