Mange glade og gode barn på ski

Meir enn 600 barn og vaksne deltok på årets "Ski i skulen" prosjekt i Morgedal. Prosjektet er eit samarbeid med mellom Morgedal IL og Norsk Skieventyr, og skjer i dei historiske løypene på Øverbø og Kleiv.

I løpet av dei to fyrste vekene i mars var det full aktivitet på Kleivjordet, eit lite skileikanlegg som ligg nedanfor Øverbø, staden der Sondre Norheim vart født. Skilleik og meistring er viktig desse dagane, men og historieforteljing og besøk til Øverbø er ein del av dagen. Nokre skular vel og å besøke Norsk Skieventyr.

Takk for samarbeidet med grunneigar, og til Høgskulen i Telemark, avd. Bø som stilte opp med ekstra instruktørar. 
Hengaren frå Norges Skiforbund, Telemarknedslaget, var og eit vellykka tiltak.